torsdag 30. juli 2009



blod mangel



ja, de meinar det på butikkane når eg skal kjøpe blod for å trene spor.


tilogmed på høsten meine dei det kan vera vanskelig å skaffa....

vår første spor prøve 16 juni


dommarens kommentar:


Debuterande puddel Rosita tredje beste hund med 2. pr!


Eigar og førar er Jane Nybø Torgersen, Hafslo. Dette var ei morosam ekvipasje å gå bak. Hunden starta ivrig og sikkert, gjekk så over på ferske hjortespor då sporet kryssa ein sterkt traffikert hjorteveg. Men plutseleg stoppa rosita opp, løfta hovudet og pilte tilbake til der ho hadde hatt blodlukta sist. Tørr granskogbotn var "no problem" - ho berre gjekk igjennom utan nokon kryssing eller sirkling. Men då sporet gjekk rett framfor ein hiopning (som sporleggar ikkje hadde sett!), vart Rosita litt forsiktig og låg. Men ho rusla vidare i fin stil.
Ho gjekk med ein konsentrasjon og intensitet som mange meir typiske jakthundar kan missunne henne - så dette vert ei spennande ekvipasje å fylgja vidare.
Litt for mykje rot undervegs til å få 1. premie denne gongen, men skulle ikkje forundra meg om denne kjem med det første.
----------
Min kommentar:
stakkars hund med ein så håpløs førar, eg hadde 15 meter lang line som surra seg fast både i hund og vegitasjonen rundt. Me vann dommarens gåve som var ei saks, lina er no ca.10 meter..